I Framtid i nord 17. oktober blir Høgre-politikar Benjamin Furuly intervjua om eit framlegg til fylkestinget i Troms om valfritt sidemål. Han vil at Troms skal gjere som Oslo og søke om ei valfritt forsøksprosjekt.

Furuly viser til ei forsøk som blei gjort med valfritt sidemål i Oslo, men konklusjonen av denne undersøkinga er ikkje så eintydig positiv som Furuly framstiller det i intervjuet. Blant anna viste undersøkinga at elevane som ikkje hadde nynorsk gjekk signifikant ned i karakter i andre fag, og forsøket hadde ingen effekt på dei munnlege ferdigheitene til elevane.

Må kunne nynorsk

Samtidig lærte dei altså ikkje skriftleg nynorsk, eit fag ein blant anna må kunne for å arbeide i administrasjonen i 113 kommunar og 3 fylkeskommunar i Noreg.  For å kunne bli norsklærar på høgare nivå enn barneskolen må ein også kunne nynorsk, og det finst mange private firma som har nynorsk som forretningsspråk.

Når Høgre argumenterer, får ein ei kjensle av at dei trur at nynorsken skal forsvinne. Faktum er at det aldri har vore meir nynorsk i Noreg enn i dag, og aldri før har så mange i skolen lært nynorsk som i dag. Årsaka er enkel: Det blir produsert fleire tusen gonger meir tekst i 2016 enn i til dømes i 1970-åra, også tusen gonger meir nynorsk tekst.

Isolerte språkøyer

Dei som veks opp i dag, lever ikkje lenge i isolerte språkøyer, såkalla «nynorsk- og bokmålsområde». Vi i Noregs Mållag merkar ei stor auke - i 2015 hadde vi over 12000 medlemmer, og den siste månaden har vi fått rundt 40 nye i veka.

Eit av dei nye laga våre er Senjamållaget i Troms, som arbeider svært godt med å jamføre Senja-dialekta med nynorsken. Troms har også mange nynorsk- og dialektskrivande forfattarar, som Arvid Hanssen, Tove Myhre, Trond Hellemo og Benjamin Bjørkli.

Artisten Moddi er også glad i nynorsken. Som østfolding undrar eg meg faktisk over at ikkje alle i Troms skriv nynorsk når eg høyrer korleis dokker talar!

Magne Aasbrenn, Leiar i Noregs Mållag