Som hytte-eigarar på Rovasida så fikk også vi denne turkartpakken for Storfjord i postkassa vår. I første omgang ei gledelig overrasking: fin fargevariasjon, god markering av toppar og tindar, med klåre høgdekoter og med oppgitt høgde over havet. Her var det spandert godt papir og flotte fargefotografi, der «vi innfødte» lett kan kjenne oss igjen. Oppmerkinga av turstiane er spesielt klåre, med kort og grei omtale og med påsette symbol for turmål undervegs. Permane i plast er ikkje minst viktige for nedbørs-elingar som fort kan dukke opp mellom fjella her.

Men så var det namnematerialet, som eg må seie er det motsette av gledelig. Så tett med samiske namn har eg aldri sett på eit kart før – og heller aldri hørt – i allefall ikkje når det gjeld barndomstraktene mine: bygda Elvevoll og dei nærmaste dalane deromkring. Eg lurte først på om dette kunne vere eit tiltak kjøpt og betalt av Sametinget, men så såg eg at det er tippemidlar og andre tilskott som står bak. Korfor då så sterk samifisering av namnematerialet? Storfjord kommune har no i ti år vore forplikta på sitt eige kloke påbud om at all verksemd skulle bygges på tre likeverdige kulturar og språk: norsk, kvensk og samisk.  Er opplegget her virkelig i samsvar med dette vedtaket fra 2007?

Først namnet på fjorden: Omasvuono – Min eigen fjord – gitt av Mikkel kven som bodde i Kvalnes-området. Han slo seg ned der nokså tidlig på 1700-tallet, dreiv handel både i Bergen og i Torneå og hadde seter i Elvevoll-dalen, som kanskje allereie dengongen hadde sitt gamle namn: Skogspeildalen – eit vakkert namn som dei eldste  også utanom kommunen enno kan huske blei brukt. Og eg ser det slik at det blir feil å bruke det kvenske «omas» i lag med det samiske «vuotna» - her bør det heller brukes eit samisk ord for «min eigen». Det eldste namnet på fjorden er utan tvil det kvenske Omasvuono, og det er desse to ledda som hører saman. Så saknar eg namnet Salmen på havstykket mellom Rovanesset og Salmenesset. Folk ror som kjent framleis ut på Salmen etter kokfisk.

Sandørnesset finst litt lenger innover fjorden enn der det er plassert på kartet her. Saman med Dantanesset skapar han Sandøra og Sandørabukta. Og eg har aldri hørt noe samisk njarganamn på denne plassen. Eit gammalt kart fra 1890 over dei sterkast kveninfluerte strøka her nord, gjengitt i heftet «Ottar» fra Tromsø museum – viser tydelig at både Elvevoll og Sandøra er kvenske. Men det fantes også fleire kvenområder i fjorden, både ute  på Rasteby og lenger innover fjorden. Det har derfor forundra meg at det ikkje finst kvenske –kenttä»-namn her. Forklaringa er enkel: Det er lett å omskrive «kenttä» til det samiske «gieddi». Eg minnest to «kenttä-namn» fra min barndom: Ridddokenttä på Elvevoll og Rossjekenttä lenger innover fjorden. På kartet her har det førstnemnte blitt til det samiske Riddogieddi – og det andre namnet er borte.

Så til Elvevoll: Både Langdalselva og den elva som renn gjennom Elvevoll og som vi kalte for Storelva, dei har begge fått samiske namn som eg aldri har hørt før. Og den vakre Klokketinden, ruvande og svær der oppe i Langdalen – som verna leikeplassane og skibakkane våre mot uver fra sørvest – den tinden får ikkje lenger lov til å heite Klokketinden. Ishavskysten friluftsråd har bestemt at den heretter kun skal ha eit samisk namn. Bare det. Og det øvste dalvatnet , som heitte Imovatnet hos oss – og ein av dei to tindane bakom som heitte Imotinden – dei skal skifte namn. Her skal samiske namn inn. Vi var mange barn og unge som vaks opp på Elvevoll i 1930- 1940åra . No kjenner vi oss ikkje lenger igjen i vår eigen dal. Som gammalt Elvevoll-menneske – som enno er glad i «heimbygdas bakkar» - så er eg sterkt i mot at det samiske «stallu» skal presses inn i dalen vår, med toppnamn og spillernytt namn på det vi kalte Dalvegen – og med omtale av det flotte sagnet vi har om Kjempesteinen og kjempen som ligg begravd der – at det skal bli omtalt som «stallusagn».

Eitt namn til tar eg med: det gamle Titingsnesset inne i fjorden. Dette var Mikkel kven sitt område. Sjøl heitte han Pelika, som betyr «pelikan». Han var dyktig til å skaffe gårdar til sønene sine, og desse fikk gjerne fuglenamn. Derfor Titingsnesset, på hans språk Tiaisenniemi, som seinare gikk over til norsk. Og då eitpar av sønene der på gården i ettertid gikk inn i kommunepolitikken og i tur og orden blei ordførarar, så ordna dei med at Titingsnes blei korta ned til Tillnes, slik det heiter i dag, Eg burde vite ein del om dette, ikkje bare fordi eg har universitetseksamen i både norsk, finsk og kvensk historie, men også fordi eg kjenner familiehistoria fra innsida. Farmora mi, ho Elen Margrete, var nemlig av Tiainen-folket og var fødd og oppvaksen på gamle Titingsnes. Her har vi altså ein kvensk-norsk namnetradisjon fra ca. 1750 – brukt i over 250 år – og likevel ønsker Ishavskysten friluftsråd å plassere eit ukjent samisk namn der – og ikkje noe meir enn det. Da må det vel skyldes ein alvorlig kunnskaps-mangel?

Til sist: Ideen om turkartet er kjempegod, fargar, bilete og kartkvaliteten det samme. Det som torpederer verket er det overdådige samiske namnevalet, der folk lite kan kjenne seg igjen.

KJENNER SEG IKKE IGJEN: Reidun Mellem Foto: Arkiv