MENING:

Distrikta treng handlekraft!

«I staden for å vere med å bygge større og meir slagkraftige bu- og arbeidsmarknadsregionar i distrikts-Noreg, er den desentraliserte staten i ferd med å kollapse»
meninger

Senterpartiet sin parlamentariske leiar Marit Arnstad tillegg meg meiningar eg ikkje har, når ho i Framtid i Nord 26/7 skriv at eg framstiller det som at det er «Senterpartiet som er problemet» i ein kronikk i VG om distriktspolitikk og statleg sentralisering 19. juli.

Eg kan ikkje med mi beste vilje forstå korleis Arnstad kan lese min kronikk slik. Riktignok har Senterpartiet som regjeringsparti ein endå dårlegare historikk som dagens regjering når det gjeld utflytting av statlege arbeidsplassar til distrikts-Noreg. Men den «stille sentraliseringa» som no skjer av dei store statsetatane, må dagens regjering fullt og heilt ta ansvaret for.

Derimot trur eg heller ikkje Senterpartiet si «romantisering av fortida» peikar ut nokon farbar veg framover for distrikts-Noreg. Ein kan seie mykje bra om kva FM-nettet, pelsdyr i bur, brevpost køyrt rundt med bil seks dagar i veka, dieselmotorar og Fylkesmann Schei sin kommunestruktur frå 1965 har betydd for Noreg i eit historisk perspektiv. Men alt dette er fortidas løysingar, ikkje framtidas.

Eg trur tvert imot vi på vegne av distrikts-Noreg skal heie fram dei store, raske samfunnsskifta som no er på gang: Digitalisering, elektrifisering, sterkt skjerpa krav frå folk flest til dyrevelferd, klima og berekraft. Og stadig fleire som ynskjer å ikkje vere bufaste på éin stad heile livet, men flytte rundt. Mellom anna fordi dei ser at distrikts-Noreg i viktige faser av livet kan gje livskvalitetar storbyen ikkje kan matche.

Alt dette er trendar som er gefundenes fressen for distrikts-Noreg - men krev reformer og omstilling av samfunnet, også i offentleg sektor. Eg er sjølv med å gjennomføre ei kommune-samanslåing i distrikts-Noreg som vi ser skaper ny giv og større utviklingskraft for lokalsamfunna - og er med å gjere oss attraktive for fleire.

Den same sterke endrings- og omstillingsviljen ser eg at næringslivet vårt har. Det nye, grøne næringslivet i distrikts-Noreg blømer og klarer å skape verdsleiande kompetansemiljø også på små stader - utan å romantisere fortida, og med klare krav til oss i kommunane om at vi også må henge med og reformere oss.

Det som då er frykteleg synd, er at éin viktig medspelar i denne moglegheitenes tid for distrikts-Noreg manglar: Staten og statsforvaltinga.

I staden for å vere med å bygge større og meir slagkraftige bu- og arbeidsmarknadsregionar i distrikts-Noreg, er den desentraliserte staten i ferd med å kollapse - som følgje av politisk passivitet og latskap, eit sjølvgåande embetsverk og manglande politisk evne på regjeringsnivå til å samordne mellom sektorar.

Eg synst dette er vondt og opprørande å sjå på, fordi eg ser korleis alt i dag ligg til rette for å gjere det motsette: Å la statlege fagmiljø rekruttere og utvikle seg i heile landet - i staden for å klumpe seg saman i dei største byane der trengsels- og rekrutteringsutfordringane er størst frå før.

Senterpartiet kan for tida berre takke og bukke for at ei hjelpelaus og passiv regjering gong på gong klarer å klaure til elles fornuftige reformer av statleg forvalting, slik at reformane konsekvent råkar og svekkar vekstkrafta i distrikts-Noreg. Skal Marit Arnstad sende eit brett trønder-jordbær til nokon i sommarvarmen, bør det vere til eit samla regjeringskollegium, som takk for god drahjelp inn i valkampen.

Så får eg - som Venstre-mann i ei distrikts-kommune i vekst - for min del håpe at nokon inne i det nasjonale politiske miljøet snart skjønar alvoret, snakkar saman på tvers av departement og ristar av seg handlingslamminga.

Å flytte staten ut handlar ikkje om krisehjelp til distrikt i nød. Det handlar om å gje ei ekstra vitamin-innsprøyting og drahjelp til eit distrikts-Noreg som har framtida føre seg - med nye, større kommunar og eit grønt, nyskapande næringsliv som vekstmotor.