Norsk språk er under press i akademia, og særleg nynorsk. Nedgangen i bruken av norsk i akademia er dramatisk. Landsmøtet i Noregs Mållag meiner dette er ein situasjon som må takast på alvor, og at det blir sett i verk tiltak for å snu utviklinga.

Onsdag 30. mars kom ekspertgruppa for akademisk ytringsfridom med sin NOU Akademisk ytringsfrihet - God ytringskultur må bygges nedenfra, hver dag. Utgreiinga tek opp at kunnskapsformidling er viktig, og at denne må skje på det norske fellesspråket. Noregs Mållag er svært glad for at utvalet slik ser på bruken av norsk språk som ein viktig del av den akademiske ytringsfridomen.

Fleire rapportar syner at engelsk i aukande grad blir brukt både i pensumlitteratur, i undervisning og i vitskapleg arbeid. Skal norsk vere samfunnsberande språk, er det viktig at det finst fagspråk og terminologi for alle område. Universitets- og høgskulesektoren har eit særleg ansvar for å utvikle dette, slik det går fram av universitets- og høgskulelova.

Det er difor gledeleg at utvalet føreslår at Kunnskapsdepartementet forskriftsfestar krav om norsk samandrag i doktorgradsavhandlingar, og at utvalet slår fast at institusjonane må bidra til utvikling av fagterminologi.

Sidan det i vitskapeleg arbeid vert publisert mest på engelsk er det i forskingsformidling og læremiddelutvikling terminologiutviklinga skjer. Men i dag er det få insentiv for å drive slikt arbeid, og såleis vert terminologi- og fagspråksarbeid nedprioritert. Dette skadar norsk språk, både bokmål og nynorsk.

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling gav i 2021 ut rapporten: «Språkstrategiar i høgare utdanning». Her er deira klare tilråding at det nasjonalt bør: bli oppretta ei insentivordning som sikrar arbeidet med norsk fagspråk og terminologi.

Skriving av læremiddel, leksikonartiklar, tidsskriftartiklar o.l. bør bli premiert og prioritert. Dette kan til dømes leggjast inn i ei meritteringsordning for god undervisning og gode førelesarar.

Dette er forslag Noregs Mållag sluttar seg til. Utvalet vil ikkje gå så langt, men meiner tilsette må få tid til å skrive leksikonartiklar og lærebøker. Difor meiner me at Kunnskapsdepartementet må få på plass ei slik ordning. Me må sikre norsk fagspråk og gje vitskapeleg tilsette insentiv til å drive fram arbeidet med dette.