Dårlege nyheiter møter norske bønder ved inngangen til det nye året. Mjølkeprodusentane får redusert forholdstalet på kvota si, det vil sei at dei må redusera produksjonen med fem prosent i forhold til det dei har kvote på. Samtidig er det meldt redusert pris og auka omsetningsavgift, slik at ein ender opp med om lag 10 øre per liter mindre betalt.

Det meldast også nå om at det er overskot av storfekjøt, og at ein er i ferd med å bygga opp store lager av dette. Dette skal altså skuldast at norske bønder produserer for mykje mjølk og kjøt.

Tilgangen på råstoff frå landbruket inn til matvareindustrien vil variera etter årstid og sesong. Dette har me i Noreg bygd opp eit system for å handtera. Bøndene vert trekt ein sum pr kg eller liter levert vare som seinare kan brukast til å betala for fryselagring og anna. På denne måten betaler norske bønder for at forbrukarane skal ha jamn tilgang gjennom heile året, av dei fleste varene. Dette systemet vert kalla marknadsreguleringsordninga.

Det er altså bøndene sjølv som må betala kostnadene ved eventuell overproduksjon. Både gjennom innbetalingar av omsetningsavgift, men også ved at prisane på produkta går ned. For bøndene er overproduksjon kanskje det mest destruktive som kan skje for økonomien. Er det slik at norske bønder akkurat no produserer meir enn det me klarer å konsumera i Norge?

Svaret er nei. Både for mjølkeprodukt og storfekjøt er importen større enn den overskotsproduksjonen norske bønder no må ta kostnaden for. Det ligg svært nært å mistenka at det finst sterke krefter både i verdikjeda for mat og i det politiske miljøet som faktisk ønsker denne konstruerte og fiktive overproduksjonssituasjonen. Fordi dette gir dei ekstra argument for å pressa prisane til bonden enda lenger ned.

Frank Valø Foto: Marius Hoe

Me lever i eit høgkostland og det tyder i denne samanhengen at norsk landbruk er totalt avhengig av eit effektivt tollvern for å eksistera. Norsk Bonde og Småbrukarlag har vedtatt at me skal arbeida for produksjonsreguleringar i alle produksjonar slik at me i størst mogleg grad kan levera dei matvarene norske forbrukarar treng.

På den måten kan me auka sjølvbergingsgraden og styrka matberedskapen. Men, forutsetninga for at produksjonsregulering skal fungera er eit effektivt tollvern!

Det er Stortinget som avgjer kva tollvern me skal ha. Og dersom regjeringa ønsker å nå sine eigne målsetningar for norsk landbruk, må dei begynna med å styrka tollvernet. Eller er regjeringa også blant dei som er tilfreds med situasjonen?