Det kjem stadig rapportar om at folk ikkje får tak i politiet på telefon. Dersom nokon vil melde frå om ei kriminell handling og ringjer nødnummeret 112, får dei skarp beskjed om at dei har ringt til feil nummer og blir bedt om å ringje 02800.

Dette er forståeleg. Sjølvsagt vil politiet at folk berre skal ringje 112 når det verkeleg står på. Problemet er berre at folk ikkje kjem gjennom i rimeleg tid på politiets nummer 02800. For enkeltpersonar som oppdagar alvorlege kriminelle handlingar, kan det dessutan vera vanskeleg å vurdere kva nummer som eignar seg best å ringje i den gitte situasjonen. Då er det uakseptabelt at det ikkje er raskt svar å få på nummer 02800.

Særleg fordi den såkalla nærpolitireforma skulle sørgje for meir tilgjengeleg politi i heile landet. Den blå-blå regjeringa og stortingsfleirtalet vedtok i 2015 ei reform som innebar at om lag 125 lensmannskontor etter kvart skulle leggjast ned. Med langt fleire politipatruljar og betre organisering av etaten skulle politiet likevel bli nærare og meir tilgjengeleg. Dette har ikkje skjedd, og det er ingen grunn til å tru at det vil skje heller.

Samtidig som dagens regjering forsvarer ei massiv nedlegging av lensmannskontor, forsvarer dei at det ikkje har kome nemneverdig fleire politipatruljar på plass. Fleire politidistrikt slit med bemanninga. Snart skal òg passtenesta flyttast langt vekk frå mange lokalsamfunn. Utviklinga går i ei retning: Avstandane til politiet og tida for å få svar aukar. Vi i Senterpartiet godtek ikkje dette. Politiet må få betre kapasitet til å ta i mot telefonar frå publikum. Vi ønskjer å sørgje for nok ressursar og ei organisering som sikrar at innbyggjarar i heile landet får eit nært og tilgjengeleg politi.

Jenny Klinge (Sp). Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix