Når du inviterer til dugnad bør du stille sjølv

Illustrasjonsfoto.  Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Fredric Holen Bjørdal Småbarnsfar og stortingsrepresentant (Ap)  Foto: Privat

leserbrev

Regjeringa slår seg for tida på brystet med å invitere til ein såkalla inkluderingsdugnad. Problemet er at den ikkje grip fatt i eitt av dei viktigaste hindera mot betre integrering og høgare deltaking i arbeidslivet; kontantstøtta. Fordi den held kvinner borte frå jobb og bidreg til at barn ikkje kjem i barnehage. Når statsministeren då i Aftenposten 2/8 tonar ned konsekvensane av kontantstøtta, stikk i strid med forskarane sine råd, er det oppsiktsvekkande.

I 2018 fyller kontantstøtta 20 år, og Arbeidarpartiet meiner det er ein 20-åring som er moden for pensjon. Nokre gongar er ein midlertidig kompensasjon i form av kontantstøtte/ventestøtte nødvendig, til dei gongane barnehageplassen ikkje står klar når vi treng han. Slik må det framleis vere. Utfordringa er at på desse åra har vi som fellesskap brukt 50 milliardar kroner på kontantstøtta, på å halde barn utanfor barnehagen. Det er svært mykje pengar vi kunne brukt smartare.

I 2016 var det nesten kvart fjerde barn i kontantstøttealder som fekk utbetalt kontantstøtte. Og forskarane åtvarar mot konsekvensane. Dei auka satsane innført under dagens regjering har negativ effekt på sysselsettinga blant mødre, og redusert sannsynet for at dei med lågast inntekt kjem tilbake i jobb etter at dei har fått barn.

Vi veit at barnehagen er svært viktig for barn si læring og utvikling, og avgjerande for at foreldra kan vere i arbeid og aktivitet. Mange barn som ville hatt stort læringsmessig utbytte av å gå i barnehage, gjer det ikkje. Og det er flest barn frå låginntektsfamiliar som ikkje går i barnehage, og dermed får eit dårlegare læringsmiljø. Dette forsterkar forskjellane i samfunnet, som barnehagen kan vere med på å utjamne.

I dette lyset er det alvorleg at Oslo kommune, som uroar seg over at om lag 5000 barn ikkje går i barnehage, blir avvist av regjeringa. Ein søknad om ei4t forsøksprosjekt for å erstatte kontantstøtta med aktivitet for barn og foreldre, oppnår altså inga interesse frå ei regjering som hevdar at eitt av deira viktigaste prosjekt er nettopp inkludering. Denne manglande evna til å lytte til og bruke kunnskapen vi som samfunn har skaffa oss, sender eit skuffande signal: regjeringa har ikkje tenkt til å stille opp på den inkluderingsdugnaden dei sjølve inviterer til.