Miljøpartiet Dei Grøne sitt standpunkt har heile tida vore i mot tvangssamanslåingar. Derfor har me også stemt mot samanslåinga av Troms og Finmark i fylkestinget i Troms, i fylkestinget i Finnmark og på Stortinget.   I Troms og Finnmark har likevel vårt utgangspunkt for regionreforma heile tida vore at nøkkelen til en god prosess, er den demokratiske legitimiteten . Me har heile vegen peika på kor viktig brei involvering i begge fylka er, og ikkje minst kor viktig det har vore å ha eit spesielt omsyn til den geografisk største, men minste delen av regionen når ein ser på folketal. Det er Finnmark.

Både Stortinget, regjeringa og fylkesrådet har svikta i å få til ei grundig og brei politisk behandling. Fyrst og fremst er det grunn til å trekka fram den svært uheldige overordna regien i denne saka. Oppgåvefordelinga til regionane skulle vore avklart lenge før ein teikna kartet for regioninndelinga. Feilgrepet med å leggja oppgåvefordelinga etter at store delar av samanslåinga etter planen skulle vera avklart i fellesnemndene, kan visa seg å velta heile samanslåinga i Troms og Finnmark.

Det blir også stadig hevda at Stortinget har fatta lovlege vedtak i denne saka som fylkestinga må følga opp. Det er grunn til å problematisera denne påstanden.

Frå juridisk hald er det mellom anna av professor Eivind Smith i ein kronikk i Aftenposten, blitt stilt spørsmål ved om vedtaket var lovleg. Smith peikar på at vedtaket i Stortinget skulle skje i dialog med fylkeskommunane, og at ein proposisjon skulle leggjast fram våren 2018. Dette har ikkje blitt gjort, og dermed meiner Smith at vedtaket er ulovleg. Miljøpartiet Dei Grøne meiner at ein slik mangel på samspel og dialog som departementet har stått for undergrev viktige demokratiske spelereglar.

Førre veke kunne me også lesa at ein av arkitektane bak regionreforma, Geir Toskedal frå KrF, i Dagsavisen skildra vedtaket om inndelinga av regionkartet i regionreforma som del av ein hestehandel i dei to sakene om kommunesamanslåing og fylkessamanslåing regjeringspartia seg imellom,. Han framstilte sjølve inndelinga i ti eller elleve regionar som ein noko tilfeldig vedtak langt ute på natta i Stortinget. Så stor er altså respekten for det lokale og regionale folkestyret i regjeringspartia.