Ei av vårens viktigaste politiske saker er utan tvil saka om kommunestruktur. Statsråd Sanner vil ha store kommunar, og har fått eit stortingsfleirtal med seg på dette. Kommunar som ikkje vil slå seg saman frivillig, skal truast på plass.

Det er intensjonen i Regjeringa sitt forslag om nytt inntektssystem for kommunar, som i realiteten er ei overflytting av pengar frå vestlandet til austlandet, og dernest ei sentralisering av pengar frå distrikta til storbyane.

Frivillighetsvedtaket

Det beste med dagens regjering er at den ikkje har fleirtal. Inntektssystemet er ikkje vedteke. Det er snart stortingsval. Det er politisk uetisk å bruke kommunars  inntektssystem til å tvinge fram bestemte lokalpolitiske vedtak i tråd med det staten vil.

La ikkje Sanner vinne den psykologisk krigføringa han har starta mot kommune-Norge, der målet er å få kommunar til å misse sjølvtilliten og trua på seg sjølv og eige lokaldemokrati.  Vil Sanner slå saman kommunar med tvang, får han gjere det på ein ærleg måte.

Husk på at «frivillighetsvedtaket» frå 1995, ligg fast: «Stortinget ber regjeringen legge til grunn at fremtidige endringer i kommunestrukturen ikke skal omfatte kommuner hvor kommunestyret, eller innbyggerne i en folkeavstemming har gått i mot kommunesammenslutningen».

Grunnplanet vårt

260 av landets 428 ordførarar har no skrive under på eit opprop mot regjeringas forslag til nytt inntektssystem. Dei meiner det er ein del av regjeringas plan for å tvangssamanslåing av kommunar. Dei har heilt rett. Det er ein plan for å sentralisere Norge. Skal ein vurdere kommunestruktur, må ein starte med spørje kvifor. Kvifor skal vi vurdere strukturen? Er det fordi regjeringa vil gi oss mindre pengar, så gløym det. Den saka vil ikkje Sanner vinne.

Oppretting av kommunar i Norge skjedde ved Formannskapslovene i 1837. Målet var å desentralisere makt frå staten og embetsmennene, til kommunane og lokaldemokratiet. Ein lukkast. Kommunane er den dag i dag grunnplanet i vårt folkestyre og vår beste lokaldemokratiske arena. Samanslåing av kommunar er det motsette, nemlig sentralisering av demokrati og sentralisering av makt.

Overflatiske

At kommunesamanslåing skal skje ved tvang frå staten, er difor uhøyrt. Fleire kommunar har i desse tider forhandla fram intensjonsavtalar. Det forundrar meg kor overflatiske dei er. Som oftast er ein einig om kva kommunen skal heite, kor kommunesenteret skal liggje og kor mange politikarar det skal vere. I tillegg noko uforpliktande om desentraliserte tenester, avgifter og skatt.

Men kva så? Var ikkje det meininga at ei strukturendring skulle føre til betre tenester, betre lokaldemokrati og betre lokalsamfunnsutvikling for innbyggjarane? Kvar er desse måla?At utkantkommunar skal få lov å behalda skulane, er det eit framsteg? At kraftkommunar skal få behalde noko av kraftinntektene, er det så svært? Kan verkeleg slike lovnader forsvare det å gi frå seg makt og legge ned eigen kommune?

Skremmedebatt

Eg vil gi honnør til kommunar som trosser regjeringa og fylkesmann og som i desse dagar kjempar kampen for eiga framtid og eige lokaldemokrati.  Vi treng ein ærleg debatt om kommunestruktur. Ikkje ein skremmedebatt der ein ikkje torer å sjå på fakta. Ikkje ein trusseldebatt der ein pressar kommunar saman ut frå økonomi. Vi treng ikkje ein fylkesmann til å teikne kartet, det kan kommunar teikne betre sjølv.

Det blir ikkje betre lokaldemokrati berre kommunane blir større. Talet på folkevalde i Noreg kan bli halvert, om regjeringa og NHO får det som dei vil. Det gir færre ombodsmenn og kvinner i dei ulike lokalsamfunna. Kommunesentralisering er sentralisering av makt. Derfor må ein no vite kva ein gjer. Ein intensjonsavtale varer ikkje evig.