Den uønska “pukkellaksen” fortrenger atlanterhavslaksen, og overtar både næring og gyteplassar om vi ikkje får bukt med invasjonen. Før vi er sikre på at tiltaka virker godt nok, må vi også redusere anna påverking av villaksen i våre elver. Derfor meiner SV at vi må vera ekstra føre var akkurat no, og vente med å tildele nye og utvida konsesjonar av oppdrett som kan påverke villaksen.

Mange frivillige har gjort ein enorm innsats med feller og nøter for å ta unna stillehavslaksen før han kjem langt opp i elvene for å gyte. Så lenge han blir tatt tidleg nok, skal stillehavslaksen vera ein utmerka matfisk, men av mange grunnar kan vi ikkje risikere å miste atlanterhavslaksen frå fjorder og elver i Troms.

For det første har vi eit særleg ansvar for å ta vare på vår eigen atlantiske villaks. Villaksen har nyleg komme på raudlista over særleg truga artar, og har over mange år vore utsett for press frå både oppdrett, forureining, regulering av vassdrag, og andre ytre påkjenningar. Invasjonen av “pukkellaks” er berre enno ei utfordring av mange for villaksen.

For det andre veit vi ikkje korleis ei permanent etablering av stillehavslaks vil påverke økosystemane i havet og elvane våre. Vi kan sjølvsagt ha flaks, men det kan også bli ubøtelege skadar på økosystema.

SV meiner vi både må intensivere uttaket av stillehavslaksen i fjordar og vassdrag, og sørgje for at nok pengar blir bevilga til det uvurderlege arbeidet som blir gjort for å stoppe invasjonen. I tillegg må vi bremse auken i oppdrett, slik at den totale belastninga på villaksen ikkje blir større. SV vil at oppdrett skal drivast utan utslepp – verken klimagassar, fisk, sjukdom og lus eller avfall, skal sleppast ut i våre felles fjordar. SV seier derfor nei til nye og større oppdrettsanlegg.

­­

HVA MENER DU? Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening.

Send ditt innlegg til nyhet@framtidinord.no