No er det snart to år sida eg skreiv eit innlegg om korleis me takla pandemiens spede begynning. Eller, takla og takla. Eg var jo innom korleis foreldre på heimekontor og ungar på heimeskule gaula i kor, medan katta song andrestemme. Det var sanneleg ikkje berre fryd, gaman og blautkake innandørs i gardane i landet. Me kan med sikkerheit sei at Fanden si oldemor også vandra skrattande i krokane (men på ein meters avstand, må vita!)

Vel, sidan den tid har Bernt Høie hylla ungdommen, ølkranene har blitt opna og stengt i takt med smittetala, Kari Jaquesson har tidvis gått berserk på sosiale media, Charter-Svein har vore ekspertkommentator, vaksinane blitt rulla ut, og samfunnet har blitt opna og fått døra slengt i fleisen raskare enn du klarer å seia Ivar Aasen. I tillegg har me blitt ekspertar på å kitle frontallappen vår med vattpinnar, samstundes som to loddrette strekar har blitt det nye teiknet på apokalypsens fire ryttarar - Alfa, Beta, Delta og Omikron.

Sjølv har eg vandra mellom heimekontor, jobbkontor, bleieskift og vattpinnar. Til tider har det vore ei vattpinne per møte. Eg har kitla frontallappen min så mange gongar at eg har hatt augneblikk av både krystallsjuke og klårsyntheit. Eg har hatt stundar kor eg rett og slett har vore ei vattpinneindusert Lilli Bendriss.

Jaja, nok om det. Eg har som sagt vore på mange møte. Møta har hatt ei god stemning. Det skal ikkje stå på det. Bevara meg vel! Latteren har sete laust og kaffien har vore tam, men samstundes har møta bore preg av ein viss nervøsitet. For kvar gong ein stakkar slapp ut eit hark, host eller eit nys pipla det fram sveitteperler i panna til han i nabostolen, og kvar gong nokon snufsa blei det kontra med flakkande blikk frå dama på andre sida av bordet. Eg har sjølv sågar kverna brødsmular ned til eit subatmoisk nivå i frykt for å setja noko fast i halsen, for så å sleppe laus et host som kunne framkalla konsekvensar av kataklysmiske dimensjonar.

Frykten for å få eit skarpt blikk eller ein sur kommentar av smittevernmessig karakter har med andre ord vore stor. Det kan nesten verke som om pandemien ikkje berre har kasta eit virus i luftvegane våre, men at det også har snike inn eit element av mistenksamheit. Ikkje berre har det gode, gamle handtrykket blitt bytta ut med eit nikk eller ein olboge, men desse har, etter kvart som pandemien har gått sin gong, også blitt akkompagnert med  skepsis og skulande augne.

Til dømes. Her om dagen skulle eg kjøpa meg lunsj i butikken. Eg tok sirleg på meg munnbindet og gjekk dei fire etasjane ned til butikken, sprita hendene ved inngangen og kalkulerte meteren til alle dei som var der inne. Alt gjekk stråande, heilt til eg nærma meg bananane. Framfor meg sto det ei dame i midten av 60-åra og stirra intenst på frukta. Det var som om ho var hypnotisert. Eller så saumfór ho dei for Covid-19. Kva veit vel eg? Uansett, ho blokkerte tilgangen mine til bananane og viste ingen teikn på å flytta seg. Eg kikka utolmodig på klokka. For eg hadde jo tross alt ei lunsj å nå! Etter noko som fortona seg som ei æve tok eg eit forsiktig steg mot dama og spurte om eg aller nådigist kunne ta eit par bananar. Reaksjonen let ikkje vente på seg. Dama spratt rundt og nærast sikta på meg med en bananrevolver. Eg blei så forfjamsa at eg nesten stakk hendene i veret - førebudd på å gi ho både bankkort, portemoné og livsforteljing. Hald avstanden, sa ho, mens ho fekta med bananrevolveren mot meg. Klar til å sende av garde ei salve eller to. Det var som eg hadde krenka henne på det verste, og eg må innrømme at eg følte på ei viss skam. Eg veit ikkje kvifor, men det var som eg hadde gjort noko frykteleg gale. Eg krympa meg og stotra fram ei orsaking før eg tassa vekk – utan ein einaste banan.

Dette er langt frå ei einskilt hending. Sjølv om eg forsøker å fylgje alle retningsliner, er forsiktig, hostar i olbogekroken og har pfeizerisert meg, så får eg ofte skulande og mistenksame blikk – og eg kan ikkje vere den einaste. Pandemien har hatt mange konsekvensar. Arbeidsledigheit, sjukdom, død, lang covid og så vidare. Eg lurar rett og slett på om skulande blikk og mistenking også kan leggjast til lista.

For to år sidan avslutta eg innlegget mitt med å sei at alle har me inst inne eit behov for å gje nokon eit passivt aggressivt blikk på under ein meter. Berre for å gjere det klart. Eg har openbart ingenting imot eit passivt aggressivt blikk. I ærlegdommen sitt namn, så elskar eg å sende nokon det vonde auget. Det er lite som er så tilfredsstillande som å gjennombore nokon som har snike føre meg på Bybanen i Bergen med to smale, passivt aggressive auge, samstundes som eg fantaserer om å gi vedkommande ei god og gamaldags nordnorsk overhøvling. Men stikket må vere rettkome, og ikkje berre basert på kva om og viss om. Sjølvsagt. Om nokon køyrer opp i rumpa på deg på motorvegen, er du i din fulle rett å gje vedkommande det vonde auget. Eller viss nokon kallar deg ei tokje utan grunn. Då kan du til og med snike opp styggefingaren viss du ynskjer det.

Gjennom isolasjon og avstumpa sosial krets har me styrka forholdet til dei som står oss nærast, men det kan verke som om prisen har vore auka mistenksamheit overfor dei som ikkje er innanfor den inste sirkelen. Me kan framleis gje nokon eit passivt aggressivt blikk (sjølv om det enda må skje på nokonlunde ein meter), men me treng kanskje ikkje flekke fram ein bananrevolver berre fordi me mistenkjer at den andre kjem ladd med skarpe Covid-kular. Legg vekk mistenksamheit, skulande auge og fruktbaserte skytevåpen. For dei andre skyt som regel berre med lauskrut.