Senterpartiets parlamentariske nestleiar Geir Pollestad tyr til svulstige vendingar og kreativ politisk historieforteljing når han for tida forsvarer regjeringa sin modell for skattlegging av havbruksnæringa – ein modell Senterpartiet sjølv var sterkt imot for berre halvanna år sidan.

I Pollestad si verd er det politikarane i Oslo som har skapt vekst og velstand i Noreg dei siste 100 åra – bygd på vasskraft og andre naturressursar i distrikta. No – i det herrens år 2023 – skal også havbruksnæringa takka vere Senterpartiet få lov å «bidra til fellesskapet» og «å ta steget opp i eliteserien av næringar som skal bygga Noreg vidare», for å sitere Geir Pollestad til NRK 3. april.

Når det gjeld å «ta steget opp i eliteserien», så er det freistande å minne Senterpartiet og Geir Pollestad på den vesle detaljen at fiskeri og havbruk allereie er landets største eksportnæring utanom olje og gass, men vi får la det ligge her.

For det mest alvorlege med Pollestad sin retorikk, er historieforteljinga om Noreg som eit land skapt ovanfrå – sentralstyrt frå byråkratiet og det sentrale politiske miljøet i Oslo.

Det er ikkje ei korrekt historieforteljing om korleis dagens Noreg har blitt til.

La meg ta min heimstad, Nordfjordeid på Vestlandet, som døme. Når vi i dag har vidaregåande skule, er det fordi private krefter i perioden 1850 til 1930 starta yrkesskule, gymnas og handelsskule. Først seinare har skulane blitt overtatt og ført vidare av det offentlege Noreg. Når vi i dag har sjukehus, er det heller ikkje staten si forteneste. Sjukehuset vart bygd og starta opp av privat initiativ på 1930-talet, og først mykje seinare overtatt av det offentlege.

Alfred Bjørlo (V) Foto: ANNIKA BYRDE Annika Byrde / NTB

Dei første velferdsordningane til born og mødre i Noreg vart laga av private krefter som Sanitetsforeninga og andre, og først seinare tatt inn i ein offentleg velferdsstat. Sparebankane, som i dag er sentrale utviklingsaktørar og kapitalkjelder i heile Noreg, er heller ikkje skapt av Pollestad sin politiske nasjonale elite, men bygd opp nedanfrå.

For ikkje å snakke om mangfaldet av industribedrifter i nær sagt kvar minste krik og krok av Noreg. Dei er bygd nedanfrå, ikkje ovanfrå, alle som ei. Dei har skapt gode, trygge arbeidsplassar og årvisst brukt opparbeidd overskot på å utvikle seg og lokalsamfunnet vidare.

Dette er den ekte historia om Noreg. Havbruksnæringa er det førebels siste kapitlet i denne suksess-historia. Ringverknadene av havbruksnæringa er enorme. Næringa bidreg allereie sterkt til fellesskapet, både lokalt og nasjonalt. Gjennom å pløgje store verdiar inn i lokalsamfunna og kystregionane, og legge grunnlaget for mange andre bedrifter i andre bransjar langs kysten. Gjennom å betale skattar og avgifter – høgare enn mange andre næringar – til staten. Gjennom å produsere sunn mat og skaffe Noreg store eksportinntekter.

Venstre er klare for å forhandle med regjeringa om eit lakseskatt-forlik. For ja: Laksenæringa går godt, og kan bidra endå meir til fellesskapet enn i dag. Men det samla skattetrykket regjeringa foreslår, er altfor høgt for å skape nye arbeidsplassar, nye investeringar om meir vidareforedling langs kysten. Og når regjeringa kompaniskap med SV i tillegg kveler vekstkrafta også i andre distriktsnæringar med stadige høgare og til dels uføreseielege skattar, då er summen av dette alvorleg for distrikts- og kyst-Noreg. Skriv ikkje om historia, Pollestad. Ikkje lat som det fyrst er no havbruksnæringa blir «løfta inn i det norske fellesskapet». Der er ho allereie, og har vore det i 30 år. Sps parlamentariske nestleiar burde vite dette betre enn å argumentere for stadig meir skatt på distriktsnæringar som eit slags politisk kjærleiksbarn mellom økonomiprofessor Karen Helene Ulltveit-Moe og Raudt-leiar Bjørnar Moxnes.

Venstre har vore med å bygge Noreg sidan 1884. Men vi har aldri innbilt oss at vi bygger Noreg åleine. I mi og Venstre si verd er lokalsamfunn og fellesskap to sider av same sak. Styrker du lokalsamfunna og det lokale næringslivet, styrkar du fellesskapet. Og havbruksnæringa er for lengst ein del av det fellesskapet – fellesskapet som byggjer Noreg.

­­

HVA MENER DU? Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening.

Send ditt innlegg til nyhet@framtidinord.no