Har fylgt med på utfordring og utvikling med handtering av organisk avfall i Skibotn i omlag 20 år. Vedgår at eg er noko undrande til at eit sentralt spørsmål om klima og miljø ikkje er sentralt.

Med tanke på sentrale politiske vedtak bør Skibotn søke løysing/løysingar lokalt: Sirkulærøkonomi.

No skal avfall ei periode fraktas til Bodø. Huff. Basert på erfaring er eg redd for at det blir permanent. Tileigna kunnskap lokalt forvitrar. Mi erfaring fortel at organisk avfall er eit gode som skaper vekst. Organisk avfall er matavfall, gras, greiner, treverk , slam med mer. Dette blir betrakta som «problem». Men rett handtert og brukt rett skaper dette reduksjon av global oppvarming, betre økonomi, betre vekst og arbeidsplasser. Slik tankegang må/bør involvere bygdas befolkning, skuler, barnehager og ikkje minst politikarar.

Ikkje til forringing av bønder, men kunstgjødsel skaper global oppvarming, frambringer kreft og fedme, refererer her til Oslofjorden som døyr. Likeså Mjøsa. I tillegg er det ein fare for grunnvatnet.

Alternativ til kunstgjødsel? Javisst! Organisk avfall. Dette er frå meg mange påstandar uten dokumentasjon. Men dokumentasjon har eg. Er du interessert i denne utfordring kan ein Google for meir informasjon.

Nemner på utpust at fagorganet Norsk Vann på Hamar seier at vi (dei) skal gjere avløpsvann til eit foretrukket gjødselprodukt.

Paulsrud hos Norsk Vann seier at om vi tar alt slammet frå heile Norge og brukar det til norsk kornproduksjon så vil mengda dekke 16 prosent av gjødselbehovet.

­­

HVA MENER DU? Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening.

Send ditt innlegg til nyhet@framtidinord.no