Fiskerinæringa er sterkt mannsdominert, men det skjer ei utvikling med aukande andel kvinnelige heiltidsfiskarar i Fiskarmanntalet. Fleire jenter søkjer seg til utdanningslinjer innan naturbruk, fiske og fangst. Dette er ei god og ønska utvikling. Framtida på kysten er avhengig av levande lokalsamfunn med muligheiter både for kvinner og menn.

225.000 er tilsett i desse næringane, 11% av desse er kvinner. Det er ei utfordring at kvinner vert utsett for uønska merksemd og seksuell trakassering, mange historier nærmar seg straffbare handlingar.

I ein artikkel i Nettavisen skreiv Susanne Mortensen om dette temaet. Ho peikar på at måten jentene blir mottatt på fartøya vil vere avgjerande for om dei held fram som yrkesfiskarar.

Det er sett fokus på haldningsskapande arbeidet, men det hastar å kome med gode tiltak.

Senterpartiet må stimulere til å auke kunnskapen om dette problemet og arbeide for å skape ein kultur som respekterer likeverd og likestilling i desse yrka.

Hurdalsplattforma er klar på at arbeidet mot seksuell trakassering skal styrkast, og regjeringa går inn for å ta arbeidet mot seksuell trakassering inn i HMS-reglane i arbeidsmiljølova. Dette arbeidet må prioriterast.

Senterkvinnene krev at:

  • Det må etablertast eit samarbeid mellom relevante myndigheiter, organisasjonar og interessegrupper for å utvikle og implementere retningsliner og opplæringsprogram som kan førebygge trakassering og uønska merksemd.

  • Det må setjast krav til at kvinner må vere representert i fiskeriorganisasjonane som td Fiskarlaget og Sjømannsforbundet.

  • Fiskeri- og maritime selskap og organisasjonar må etablere og handheve nulltoleransepolitikk mot trakassering og sørge for at det finst mekanismar for rapportering og oppfølging av hendingar.

  • Tiltaka som vert sett i gang må vere i tråd med beste praksis for å førebygge trakassering og uønska merksemd.

Senterkvinnene vil arbeide for å fremme likestilte muligheiter og karriereutvikling for kvinner i desse næringane, slik at kvinnene kan føle seg trygge og respekterte i sitt arbeidsmiljø.

­­

HVA MENER DU? Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening.

Send ditt innlegg til nyhet@framtidinord.no