Jordskifterettane er også ei kampsak

Jenny Klinge er redd for et dårligere tilbud for mange enkeltpersoner og andre aktører.

SKRIBENT: Jenny Klinge.   Foto: Privat

leserbrev

Når domstolane no er trua av massenedleggingar, er det sjølvsagt mykje snakk om tingrettane. Likevel er det særs viktig å ikkje gløyme jordskifterettane. Jordskifteretten er ein særdomstol for alle som eig eller har rettigheiter til fast eigedom. Plasseringa betyr derfor noko, og avstanden mellom jordskifterettane like så.

Framlegget frå domstolkommisjonen, som vart lagt fram 1/10, er å kutte talet på jordskifterettar frå 34 til 13 - med i tillegg 7 bemanna rettsstader utan eiga leiing. Dersom framlegget blir vedteke, vil det innebera svært mykje større avstandar for dommarane og ingeniørane. Etter politireforma ser vi at samanslåingar av politidistrikt og lensmannskontor betyr lengre ventetid både for å få pass og våpenkort. Politiet henlegg mange fleire saker og somme stader er ventetida veldig lang for å få tak i politiet på telefon. Det er all grunn til å frykte at ei tilsvarande stor sentralisering av jordskifterettane vil føre til eit dårlegare tilbod for mange enkeltpersonar og andre aktørar som treng å få avklart rettsforhold og grenser.

Dersom dommarane og ingeniørane skal bruke mykje meir tid på reisefot, vil det måtte bli mindre tid til den dømmande verksemda, og ventetidene vil kunne auke. Ei anna side ved dette er rekrutteringa av dommarar og ingeniørar. No blir sentralisering løfta fram som eit tiltak for lettare å rekruttere tilsette til jordskifterettane, men auka avstandar som inneber (langt) meir reisetid for dei tilsette kan fungere stikk motsett.

Vi i Senterpartiet vil stå på mot sentralisering av domstolane framover, men regjeringa har fleirtal på Stortinget og kan leggje ned mykje før neste stortingsval. Det er viktig å mane til kamp både for tingrettane og jordskifterettane!